Noah søker drømmeheimen

Hankatt | 11 mnd | Passer med større barn | Passer med andre dyr

Før man går til anskaffelse av et dyr, er det viktig å tenke seg nøye om. Uansett art, følger det store forpliktelser!

Søk om å adoptere

Bli bedre kjent med Noah

Før man går til anskaffelse av et dyr, er det viktig å tenke seg nøye om. Uansett art, følger det store forpliktelser!

💙✨Noah ✨💙
🐾 Noah kom til oss som ein del av ein gjeng kattungar som vart funne på same stad. Noah har heile vegen vore den litt meir forsiktige av dei – ein stille observatør som gjerne vil vere nær, men på sine eigne vilkår.
Han har utvikla seg mykje sidan han kom til oss. Noah er ikkje lenger redd på same måte, og nysgjerrigheita hans vinn ofte over usikkerheita. Han kjem gjerne bort for å sjå kva du held på med – spesielt om det er mat involvert. Han er veldig matmotivert, noko som gjer det lettare å bygge tillit og skape gode opplevingar saman med han.
Samtidig er Noah framleis ein sjenert gut. Han er ikkje ein typisk kosekatt enno, og det er berre nokre få han stolar nok på til å la seg klappe. Han treng tid, tolmod og ein eigar som respekterer grensene hans og let han få bli trygg i sitt eige tempo. Når han kjenner seg trygg, kjem han nærare – men det må skje på hans premissar.
Noah er rundt 10 -11 månader gamal, fullt vaksinert, chippa og kastrert.
Han kan bu saman med ein annan katt, men vi trur han vil utvikle seg best i eit heim der han får knytte seg tett til menneska sine. Han er ikkje glad i hundar. Barn frå ca. 8 år og oppover går fint, så lenge dei forstår at han treng ro og respekt i starten.
Noah har framleis litt arbeid igjen, men han er ein nyfiken, mjuk og fin gut med stort potensial. For den rette personen, som gir han tid og tryggleik, vil han bli ein heilt spesiell ven ❤️
Noah har fått helsesjekk, er kastrert, vaksinert, chippa og ormekura. Adopsjonsgebyret er kr 2000,-
Noah befinn seg i Ørsta 😊
Ta kontakt og fortell om deg sjøl, familie, bo- og veiforhold og korleis han vil få det hos deg.
SMS: 403 01 648
Søk om å adoptere

Legg igjen en kommentar