Kater søker drømmeheimen

Hankatt | 1,5 år | Passer med barn | Passer med andre dyr

Før man går til anskaffelse av et dyr, er det viktig å tenke seg nøye om. Uansett art, følger det store forpliktelser!

Søk om å adoptere

Bli bedre kjent med Kater

💙 Kater er klar for reservasjon 💙
Kater har ei historie som verkeleg rører hjartet. Då han kom til oss, hadde han ei skadd fot som hadde vore ubehandla i lang tid. Han hadde gått ute i omtrent 9 mnd før han endeleg fekk hjelpa han trong.
Vi prøvde først å behandle foten, men etter undersøkingar og vurdering frå veterinær vart det klart at det beste for livskvaliteten hans var amputasjon.
No er operasjonen overstått, og Kater har fått sjansen til eit nytt liv utan smerter.
Trass i alt han har vore gjennom, er han ein utruleg god og kjærleg katt. Han er roleg, tillitsfull og glad i nærleik når han først føler seg trygg. Han fortener verkeleg eit heim der han kan få slappe av, vere trygg og bli elska slik han er.
Veterinæren anbefaler at han får vere innekatt vidare, slik at han kan leve eit trygt og godt liv utan risiko for nye skadar. Han tilpassar seg livet på tre bein overraskande godt og let seg ikkje stoppe av det.
Kater fortener ein familie som ser katten bak historia hans, ein fantastisk liten overlevar med mykje kjærleik å gi❣️
Kater er ca 1 1/2 år gammal og oppheld seg i Ørsta.
Han har fått helsesjekk, er kastrert, vaksinert, chippa og ormekura. Adopsjonsgebyret er kr 2000,-
Dersom du kunne tenke deg å adoptere Kater, ta kontakt og fortell om deg sjøl, familie, bo- og veiforhold og korleis han vil få det hos deg.
SMS: 403 01 648
Søk om å adoptere

Legg igjen en kommentar