Ask søker drømmeheimen
Hankatt | ca 2-3 år | Kan passe med større, rolige barn | Passer ikke med andre dyr
Før man går til anskaffelse av et dyr, er det viktig å tenke seg nøye om. Uansett art, følger det store forpliktelser!
Bli bedre kjent med Ask
Før man går til anskaffelse av et dyr, er det viktig å tenke seg nøye om. Uansett art, følger det store forpliktelser!
Ask er ein stor svartkvit bamse ![]()
Truleg vart han fødd ute og har levd ute dei 2–3 åra av livet sitt. Difor ber han framleis med seg litt mistru til verda rundt seg. Når du møter Ask for første gong, kan han verke skeptisk, forsiktig og litt redd. Han treng tid til å forstå at han er trygg. Men når han først kjenner seg trygg, viser han ei heilt anna side ![]()
Det aller beste Ask veit, er å bli klødd på halsen – særleg med ei børste. Han får rett og slett aldri nok. Børster du han, kjem han truleg til å følgje etter deg for å få meir. Samtidig er det viktig å respektere grensene hans ![]()
Livet som heimlaus katt har lært han å passe på seg sjølv. Om ei rørsle verkar brå eller utrygg, kan han forsvare seg ved å bite eller klore. Difor treng Ask ein roleg og tolmodig eigar som gir han tid til å byggje tillit. Ask er også ganske dominerande overfor andre kattar. Han likar å vise at han er sjefen og kan gå til åtak dersom han føler det er nødvendig. Truleg han vil trivast best som einaste katt i heimen. Når Ask stolar på deg, ønskjer han å vere nær deg. Han treng ikkje nødvendigvis å liggje på fanget – ofte er det nok å sitje litt unna og følgje med på kva du gjer. Dersom du forsvinn ut av synsfeltet hans, kan han bli litt uroleg og rope høgt etter deg. Av og til gjer han det også om morgonen
Kansje Ask ville hatt det aller best i ein heim der han etter kvart kan få trygg tilgang til å vere ute. Han har vakse opp ute og verkar framleis å ha eit behov for kontakt med naturen. Sjølv at han kan vere inne òg bruke mange timar på å bare liggje i senga og sjå ut vindauget, fascinert av alt som skjer utanfor.
Ask er ikkje katten som knyter band med ein gong. Men om du gir han tid, tolmod og tryggleik, får du ein utruleg kjærleg, lojal og sjarmerande ven som vil søkje nærleiken din på sin eigen måte
Det kan virke som han hører dårlig, eller er døv så det er noe å ta hensyn til når man skal lære han å kjenne ![]()
Ask leveres chippet, vaksinert, kastrert og helsesjekket. Adopsjonsgebyret er 2000. Kan du ha drømmehjemmet hans? Ta kontakt og fortell om deg selv, bo-og trafikkforhold samt hvordan katten vil få det hos deg ![]()
Kontaktinfo: Sms: 45396425